Ureining av Nistru etter russisk åtak

Den russiske krigføringa i Ukraina råkar også Moldova. Den viktige elva Nistru er no ureina, truleg etter eit bombeåtak i Ukraina for nokre dagar sidan.


Nistru ved Soroca. Foto: akk_rus, Flickr, CC BY-SA 2.0
Nistru ved Soroca. Foto: akk_rus, Flickr, CC BY-SA 2.0

7. mars vart energiinfrastruktur i den ukrainske småbyen Novodnistrovsk i Tsjernivsti oblast (fylke) angripe. Denne byen ligg berre eit par mil frå den moldovske grensa, og ved elva som på ukrainsk heiter Dnister og på rumensk Nistru. Nedstraums er denne elva grenseelv mellom Ukraina og Moldova, før den går inn i Moldova, i stor grad fungerer som de facto grense mellom Moldova og den ikkje-anerkjente, russiskstøtta utbrytarrepublikken Transnistria.

Åtaket vert no satt i samband med ureining – i form av oljeflak eller liknande – som har vorte observert i nordlege Moldova, blant anna av innbyggjarar i landsbyen Holoșnița, ein av stadene Hjelp Moldova kjenner godt. Nistru er også ei viktig drikkevasskjelde, og det moldovske miljøverndepartementet gjekk førre veke ut med ei åtvaring mot å bruka vatn frå elva som drikkevatn eller til dyr. Det vert også åtvara mot fiske i elva. Det har også vore stans i vassleveranse i område nord i landet, og frå rådhuset i Holoșnița får me meldt at det er plassert ut reinseutstyr i elva i deira kommune.

Moldovske myndigheiter får hjelp frå nabolandet Romania til å handtera situasjonen. Innbyggjarar lenger sør i Moldova har blitt rådd til å lagra drikkevatn.

Ukrainske styresmakter har omtalt hendinga som «eit nytt døme på `økologisk aggresjon´ frå Russland», og peiker på at åtaka på energiinfrastruktur førte til oljelekkasje og dermed eit grensekryssande miljøtrugsmål. Dette melder avisa Adevărul Moldova.

Dette er ikkje den fyrste slike hendinga. Attende i 2024 publiserte den moldovske journalistiske nettstaden anticorruptie.md, i samarbeid med ukrainske journalistar, ein lengre artikkel om krigføringa sine potensielle konsekvensar for Moldova.

Denne artikkelen kan også lesast på engelsk, og fortel blant anna om moldovsk uro for eit øydeleggjande åtak på demninga ved Novodnistrovsk. Denne demninga er knytt til eitt av Europas største vasskraftverk, og har tidlegare vore kjelde til usemje mellom Moldova og Ukraina, knytt til økologiske konsekvensar nedstraums. Skulle ho vert øydelagt kan det samstundes ha enorme konsekvensar for Moldova, og då mellom anna for Soroca-regionen. Artikkelen fortalde også om uro knytt til ureining som eit resultat av krigføringa.