I Soroca – ein by med om lag 30.000 innbyggarar nord i Moldova – ligg skulen Liceul Teoretic Constantin Stere, døypt opp etter den moldovsk-rumenske forfattaren, juristen og journalisten Constantin Stere, som vart fødd i Horodiște nokre mil lenger vest.
Skulen vart oppretta i 1991, berre kort tid etter at Moldova hadde erklært sjølvstende. Den har også eit såkalla CREI-senter (Centrul de Resurse pentru Educația Incluzivă, Ressursenter for inkluderande opplæring). Det vart ikkje oppretta før i 2013, og då med utgangspunkt i ei mindre gruppe born med lettare utviklingsvanskar. Sidan har senteret utvida fokus til å også omfatta born med meir krevjande behov. I dag får 30 born med ulike utfordringar hjelp på senteret. Det inkluderer born med autismespekterdiagnose, born med Downs syndrom og born som får heimebasert undervisning av medisinske årsaker eller på grunn av funksjonsvansker. Senteret lager tilpassa opplæringsplanar, og gjev individuelt retta opplæring og terapi. Dei kan rapportera om gode resultat.
Men utvida elevtal og eit større spekter av elevar, gjev også sine utfordringar. Senteret treng no meir utstyr for å kunna gje borna den støtta dei har bruk for. Det kan til dømes handla om såkalla visuelle støttesystem, som piktogram og PECS, som kan hjelpa med kommunikasjon. Det kan også handla om verktøy for sanseregulering og emosjonell sjølvkontroll, og om utstyr til kunst- og leikbasert terapi.
Hjelp Moldova ynskjer å bidra til Liceul Teoretic sitt arbeid, og har difor innleia eit samarbeid med skulen.
