
Den held til i ein gamal skulebygning – skulen er forlengst nedlagt, slått saman med skulen i nabobygda. Det gamle bygget har verken innlagt vatn eller toalettfasilitetar, og medan det er nokre leikeapparat ute, er det sparsommeleg med leikar innandørs.
Moldova er – som kjent – eit fattig land, eit av Europas fattigaste. Den fattigdomen er ofte lettast å få auge på i landlege område, som nettopp Cureșnița. Vi har fleire gongar bidrege med brukte sko og leikar til barnehagen. Då vi er i området, bruker å stikka innom, og denne gongen hadde Heidi med seg nokre små påskehelsingar: ein påskehare av sjokolade til barna, og også ei lita helsing til dei vaksne. Kommunikasjonen gjekk ved hjelp av Google Translate, og vi fekk blant anna høyra at det hender andre organisasjonar kjem innom, men at det då gjerne er berre ei kort stund, og så høyrer dei ikkje noko meir. At Hjelp Moldova hugsar på barna i Cureșnița vert difor verdsett, og då Heidi drog av garde igjen, fekk ho ein varm gruppeklem frå dei sju små som var i barnehagen denne dagen.
På turen til Moldova i påsken – som vart gjennomført med ein varebil – hadde vi elles med oss ein god del utstyr til sjukehuset i Soroca, ein by med rundt 30.000 innbyggjarar, som ligg ein kort køyretur frå Cureșnița, også ved Dnestr. Vi hadde med oss mellom anna krykker, preikestolar (gåbord) og rullatorar som vi har fått frå Arna Helseheim, og gleda var til å ta og kjenna på. Som mykje anna på sjukehuset er Soroca er utstyrsparken ofte av svært gamal dato, og det er difor ei sann glede å kunne overlevera utstyr som vi her heime i Noreg har overskot av eller ikkje lenger behov for.