uavhengig hjelpeorganisasjon

Denne fem år gamle guten har fått spesialrullestol, og kan for fyrste gong stå oppreist og koma seg fram på eiga hand.

Hjelp Moldova har gjeve støtte til eit leikerom på barneklinikken i Chisinau. No er leikerommet tatt i bruk.

Tanita Thomassen i organisasjonen Livets Rett, som jobber i den moldovske byen Balti, har hjulpe oss med å finna rette mottakerar til nokre spesialrullestolar me hadde med på traileren.

Moldova (offisielt: Republikken Moldova) er eit lite europeisk land, som ligg mellom Romania i vest og Ukraina i aust. Det er omlag på storleik med Vestland fylke.
Landet vart sjølvstendig i 1991, etter å tidlegare ha vore ein del av Sovjetunionen. Det er idag Europas fattigaste land, rekna etter BNP per innbyggjar.
Moldova hadde i 2024 eit folketal på rundt 2,4 millionar.
Les artikkelen Moldova, historia og framtida.